Om oss

Fosse Maskin og Transport AS er ei entreprenørbedrift med base i Vik i Sogn, som satsar på kvalitet, allsidige entreprenørtenester og lokal forankring.

Fosse mediesmio sverrehjornevik 5712

Fosse Maskin og Transport AS er ei entreprenørbedrift med base i Vik i Sogn som leverer ei rekke ulike tenester innan veg, bygg og anleggsarbeid.

Med over 60 års erfaring satsar me på kvalitet i alle ledd, allsidig kompetanse, berekraftig drift og lokal forankring i alt me gjer.

Me leverer både til offentleg sektor og private oppdragsgivarar, og me har mange gode samarbeidspartnarar som me gjerne jobbar saman med. 

Fosse Maskin og Transport er sentralt godkjent og ISO 9001-sertifisert. I tillegg er me Miljøfyrtårn-bedrift. Les meir om våre ulike godkjenningar og sertifikat her.

Fosse mediesmio sverrehjornevik 6260

Familiebedrift med lang historie

Me har historie heilt tilbake til 1958, då selskapet vart stifta av Kristen Fosse. I 1997 vart me aksjeselskap, og i dag vert bedrifta drive av Kristen sine søner Harald Even og Frode og barnebarna Christian og Emil. I tillegg finn ein fleire med etternamn Fosse i organisasjonen, anten som lærling ute på anlegg eller som ekstrahjelp på kontoret.

Fosse mediesmio sverrehjornevik 5804

Me er opptekne av:

  • Å levera kvalitet, kvar gong.
  • Å bygga verdier for lokalsamfunnet.
  • Å skapa samhald og trivsel på arbeidsplassen.
  • Å ta på oss allsidige oppgåver innanfor vårt kompetanseområde: Me likar utfordringar!
Fosse mediesmio sverrehjornevik 6122

Flat struktur og samansett kompetanse

Me er ein lite topptung organisasjon med korte beslutningsvegar, noko som gjer at me har lett for å hiva oss rundt og utført oppgåver. Våre tilsette har gjerne brei kompetanse, som gjer at dei er i stand til å utføra fleire ulike oppgåver.

Fosse mediesmio sverrehjornevik 6176

Vår drivkraft

– Me er opptekne av å bygga selskapet og bæra arven vidare, stein for stein. Me vil skapa noko som står seg, det er ein viktig drivkraft for oss. At me er med å skapa noko fysisk for framtida, noko å visa til barnabarna: "Dette bygde eg".

– Harald Even Fosse, dagleg leiar

Fosse mediesmio sverrehjornevik 6064

Stor og moderne maskinpark

Ein treng riktig verktøy for å gjera jobben godt og effektivt. Derfor satsar me på å halda ein oppdatert og omfangsrik maskinpark. I tillegg gjev det miljøgevinst med nyare maskinar med god energimerking. Les meir om maskinparken vår her.

Godkjenningar og partnarar

Sentral godkjenning logo liten
Sertifikat og godkjenningar

Her finn du ei liste over våre ulike sertifiseringar, godkjenningar og retningsliner me følger.

Fosse general
Partnarar

Ei liste over våre gode samarbeidspartnarar.

Logo white Norconsult
Logo white Vest geo
Logo white Tess
Logo white ditio
Logo white consto
Logo white maskinent forbund
Logo white miljofyrtorn
Logo white startbank
Logo white Achilles
Logo white Birkeland
Logo white ISO SERTIFIED
Logo white Mediesmio
Sentral godkjenning logo