Godt i gang med Feios Kraftverk
Som underleverandør til Veidekke AS jobbar me no med utbygginga av Feios Kraftverk i Vik i Sogn.
Som underleverandør til Veidekke AS jobbar me no med utbygginga av Feios Kraftverk i Vik i Sogn.
I april i år fekk Veidekke oppdraget med å bygga nytt vasskraftverk ved Feios i Vik kommune i Sogn. Utviklinga av prosjektet starta faktisk allereie for 23 år sidan, og no er endeleg arbeidet påbegynt.
Fosse Maskin og Transport AS er underleverandør til Veidekke i det omfangsrike vasskraftprosjektet.
– Akkurat no er det opprigg det går i, me hjelper Veidekke AS med tilkomstvegar, kontorrigging og diverse førebuande arbeid. Feios Kraftverk er eit stort prosjekt som me håpar å få vera med på heile vegen saman med Veidekke, fortel Roald Himle frå Fosse Maskin og Transport.
Dagleg leiar Harald Even Fosse er nøgd med å vera med på prosjektet:
– Det er kjekt å få vera med på eit slikt stort prosjekt her i Vik kommune, då får ein bidra til utviklinga av kommunen me held til i, seier Fosse.