Vegbygging

Vegbygging, vedlikehald og prosjektering, frå små gangvegar til store vegprosjekt.

Fosse vei hero

Me utfører arbeid knytt til vegbygging, alt frå enkle gangvegar til omfattande vegprosjekter. I tillegg gjer me vedlikehaldsarbeid og utbetringar på eksisterande vegar.

Me har mellom anna bygd veg på oppdrag frå Statens Vegvesen, fylkeskommunar, kommunar og kraft-og nettselskap som Statkraft, Statnett og Sognekraft.

Vårt kompetanse- og erfaringsområde inkluderer dei fleste sider ved vegbygging, inkludert boring og sprenging, graving, massetransport, muringsarbeid og vatn og avløp.

Nokre referanseprosjekt

E39 Myrmel-Lunde i Sunnfjord kommune. Som underleverandør til Birkeland Entreprenørforretning AS har me jobba med etablering av 3,7 km med ny veg på strekninga, med 1 km tunnel. Den nye vegen inkluderer kortare strekk med gangveg, to busshaldeplassar, to kryss i plan og kommunale og private tilknytningsvegar. Arbeidet pågår over tre år 2021-2023, og oppdragsgivar er Statens Vegvesen.

Riksveg 13 Bondeviki-Fardal i Sogndal kommune. Les om prosjektet her.

VVA Villavegen Balestrand. På oppdrag frå Sogndal Kommune rehabiliterte me 1 km kommunal veg gjennom villlastrøk i Balestrand i perioden 2020-2021. Det vart lagt nytt vatn og avløp og elnett i jorda, med to fjordleidningar. I tillegg bygde me om lag 1000 kubikk meter med natursteinsmurar.

  • Fosse veg10

    51 Planum, Myrmel-Lunde, 2023

  • Fosse veg11

    51 Planum, Myrmel-Lunde, 2023

  • Fosse veg8

    51 Planum, veggrøft, Myrmel-Lunde 2023

  • Fosse veg9

    51 Planum, Myrmel-Lunde, 2023

  • Fosse veg4

    44.1 Kabelgrøfter, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023

  • Fosse veg6

    44.1 Kabelgrøfter, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023

  • Fosse veg7

    9.49.1 - Etablering av anleggsveg, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023

  • Fosse veg3

    44.1 Kabelgrøfter, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023

  • Fosse veg5

    44.1 Kabelgrøfter, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023

  • Fosse veg01

    53 Forsterkningslag, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023